Aasens alvar

Eit innlegg i Utropia, vår 2011, og Mål og Makt 1/2012.

BOK: Ringdrotten (2006) av Eilev Groven Myhren; Tiden Norsk Forlag

Me vita alle at ein kann laga kunst or språk: Dette kalla me fyre litteratur. Når ein hever engelsk språkbakgrund, der me ikje finna det same mangfaldet av skriftmål som i Noreg, er det heilt undarlegt korleides ein kann nytta mangfaldet i norsk til at laga eit kunststykke ved umsetjing.

Fyre J.R.R. Tolkien komo tungemåli fyrst. Han var, kunde me segja, ein språkelskar. Fyre honom heldt det ikje berre at læra verdsmåli, han vardt òg uppteken med at laga sine eigne mål. Dei som vordo lagad åt Middle Earth ero ikje berre ei liti samling av ord og reglar; dei hava sine eigne sogor som rettelege språk gjera. Dei hava mest som mognad gjenom tidirne frå Middle Earth si byrjing fram til ufreden som er skildrad i Lord of the Rings.

Språkstoda i Middle Earth kunde samanliknast med språkstoda i Norden på ei vis. Sidan dei gamle dagarne hever norrønt vordet notidsspråk og målføre. Tolkien sitt quenya (òg kallat fyre høgalvisk) er som norrønt, eit språk som hever født norsk og svensk; medan norsk og svensk halda på at føda sine eigne born. Middle Earth hever sin eigen engelsk òg: westron, som er nyttad når dei ulike flokkorne, som elles ikje skulo skyna kvarandre, trongo at tala saman. Elles er det språkeættir i umrådet som ero heilt ulike dei «norrøne» måli: den finno-ugriske ætti som inneheld dei samiske språki og finsk.

Ifylgje Tolkien er sjølve grundteksten ei umsetjing frå ein tekst på westron. Jamvel um Tolkien ikje kunde visa fram ulike westron-dialektar gjenom det engelske målet, viste han det språklege mangfaldet på andre måtar. Westron var or same ætti som rohirric, språket åt folket i Rohan (Éowyn og Éomer ero tvo som nyttade dette språket). Difyre valde Tolkien at syna sambandet millom desse måli i «umsetjingi» si ved å nytta engelsk og gamallengelsk. Namni åt dvergarne or Dúrin sitt hus komo frå eit språk i eit umråde som heiter Dale, der det var hopehav millom menn og dvergar. Difyre nyttade han norrønt: Namni Gimli, Glóin, Dáin ero tekne or Dvergatal i Völuspá. Visst var det eit språklegt mangfald i Tolkien sine bøkir, men det var nokot som vantade i westron

Frå Middle Earth til Midgard. Lord of the Rings hever vordet umsett til nynorsk av Eilev Groven Myhren, men at kalla verket hans fyre umsetjing er som at ikje fortelja heile soga. På ei vis kunna me segja at verket ikje er umsett til «éin» nynorsk, men helder fleire. Myhren heldt i minnet merknader or tillegget av grundteksten som Tolkien hadde skrivet um det språklege mangfaldet i Midgard sitt fellesspråk westron, og lét dei gjelda i nynorsk. Utkoma vardt at umsetjingi lagade ei ny linsa at syna Midgard i, som ikje var til stadar i grundteksten.

Umsetjingi hans Myhren inneheld fleire ulike slag nynorsk og landsmål, nokre med Myhren sine eigne serdrag, som gjev att målet til dei ulike flokkorne i Midgard. Alvarne, den fyrste og eldste ætti som livde i Midgard, nytta landsmål frå 1864 (Aasens landsmålsnormal), medan hobbitarne nytta variantar som byggja på livande stadsdialektar or nyare tid.

Sume variantar vordo ikje berre valt åt ulike flokkor, og denne variasjonen var ikje den einaste visi fyre at gjeva dei ulike personarne sine eigne røystir. Medan nokre, som Sam Gamjei, nyttade same målet gjenom heile boki, voro det andre, som Frodo og Aragorn, som skifte til høgtidsmål og andre taleformir når det sømde seg best. Legolas, på hi sida, talar mest som andre alvar, men ikje heilt; dette speglar av at soga um ætti hans skil seg frå sogorna um dei andre alveflokkorne me finna i Midgard, som Galadriel elder Elrond. Menneske ero òg framstelte på slik ei mangfaldig vis, men dei nytta ei form av landsmål som er ulik den formi som alvarne tala (som heiter midlandsnormalen).

Endå um dagsens nynorsk ættar frå landsmålet av 1864, er det heilt klårt at landsmål og nynorsk er ulike mål. Landsmålet slik alvar tala det hever fleirtalsformir i verb-bøygjingi (notid: eg svem i elvi no, mot dei svemja i elvi no), og fyrrtid kann sjå ulikt ut frå dagsens nynorsk (dei svomo). Nokre uregelrette verb er i staden litt meir regelrette (hever er ei mogleg form til hava, sameleides som ganga~gjenger, koma~kjemer). Substantivi ero ulike òg, med fleirtalsformir med endingar som -ir/-or/-ar. Dessutan hava substantivi ei serskild form i dativ fleirtal («Då sov vakti på murom»).

Ifylgje Myhren sine merknader, vardt Tolkien fjetrad då han lærde um målsstoda i Noreg, men det er uvisst um han kjende til Aasen og arbeidet hans. Det som er berrsynt frå bøkir er elles at han hadde elskat måten bøkirne hans ero umsette på. Umsetjingi til Myhren syner ei av dei løynde sidorna som ikje viste seg i grundteksten; difyre fell det lett at segja at umsetjingi er betre en originalen. Her i denne umsetjingi koma me at skjyna litt meir um folki i Tolkiens verd en me gjera i den engelske teksten.

Siste merknader. At lesa ein slik tekst er ikje lett; ikje berre fyre ein som lærer norsk, men òg fyre deim som hava norsk til morsmål. Teksten her gjev eit litet bilæte av éin stil som finst i bøkirne, og det finnast endå fleire til. Det er ikje berre ukjende ordformir og skrivemåtar som kunna valda vanskar for lesaren, men ordfanget òg. Fyre at lesa bøkirne, treng du ei god ordbok. Det kann òg hjelpa at hava kjærleik til språk og vera open fyre dei mange måtarne at skriva nynorsk på.

Teksten her fylgjer Aasens landsmålsnormalen or 1864, med formir som vordo nyttad i Myhren umsetjinga. Korrektur: Kristin Fridtun.